Ved årsskiftet var fireårsperioden til Heimen-redaksjonen i Trøndelag omme, og ein ny redaksjon med base i Sogndal har teke over frå og med dette nummeret. Redaktørane Aud Mikkelsen Tretvik, Hilde Gunn Slottemo, Merete Røskaft og Hanna Mellemsether, og ikkje minst redaksjonssekretaerane Siv Randi Kolstad, Tone Østerli og Kaja Fremstad, skal ha stor takk både for det solide arbeidet dei har lagt ned gjennom fire år og for å ha lagt så godt til rette i overgangen. Den avtroppande redaksjonen fekk, til liks med forgjengarane, store spørsmål om framtida til Heimen i fanget. Redaksjonen og eigaren Landslaget for lokalhistorie har lukkast i å gje Heimen eit nytt liv som digitalt gratistidsskrift, i tråd både med norsk politikk på feltet og dei sterke internasjonale trendane i vitskapleg publisering. Slik sett er jobben gjortovergangen er gjennomført og dei store spørsmåla kring utgjevinga avklara. Me har likevel ingen illusjonar om at ein meir eller mindre stabil 90-årsperiode som papirtidsskrift no blir følgt av ein ny stabil 90-årsperiode som digitalt tidsskrift. Finansieringa er sikra fram til 2020 gjennom publiseringsordninga til Noregs forskingsråd, men heile publiseringssystemet er i spel både nasjonalt og internasjonalt. Her er Heimen berre ein liten dupp på eit opprørt hav, og det beste me kan gjere, er å stå på i lag med leiinga i Landslaget for å utnytte dei moglegheitene som til kvar tid ligg i publiseringsordningane og marknaden. Då er det ein fordel at Historisk tidsskrift/HIFO og Heimen/Landslaget har valt same strategi. Det aller viktigaste for å sikre Heimen ei gjev framtid, er likevel uavhengig av publiseringsplattformer, nemleg god tilgang på stoff, ein solid vitskapleg standard og ein profil som blir oppfatta som relevant. Lesarane kjem ikkje til å merke nokon stor overgang til ny redaksjon. Me ser ingen grunnar til større endringar i den redaksjonelle profilen, snarare tvert om. Heimen vil framleis ha ei blanding av innsende artiklar og temanummer. Nummer 3 vil til dømes bli eit temanummer om maritim historie. Me ser det som ei av våre viktige oppgåver å drive rekrutterings-og talentutviklingsarbeid i det historiefaglege miljøet, og me oppmodar saerleg rettleiarar og etablerte historikarar om å dytte på dei yngre, gjerne studentar, og gjerne kvinner, for å få dei til å sende inn manuskript eller idear som dei sjølve kanskje ikkje ser at kan bli ein vitskapleg artikkel. Heimen skal framleis vere ein møteplass der etablerte historikarar i vitskaplege stillingar på universitet og høgskular publiserer jamsides ikkje berre yngre historikarar, men òg uavhengige historikarar (me kallar dei ikkje 'amatørar'). Det blir skrive mykje god historie av folk med annan bakgrunn enn ei formell historiefagleg utdanning, og redaksjonen garanterer det sjølvsagde: Alle artiklar blir vurderte eine og åleine ut frå kvaliteten på det innsende arbeidet, uavhengig av bakgrunnen til forfattaren.
No abstract
No abstract
scite is a Brooklyn-based organization that helps researchers better discover and understand research articles through Smart Citations–citations that display the context of the citation and describe whether the article provides supporting or contrasting evidence. scite is used by students and researchers from around the world and is funded in part by the National Science Foundation and the National Institute on Drug Abuse of the National Institutes of Health.
customersupport@researchsolutions.com
10624 S. Eastern Ave., Ste. A-614
Henderson, NV 89052, USA
This site is protected by reCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply.
Copyright © 2025 scite LLC. All rights reserved.
Made with 💙 for researchers
Part of the Research Solutions Family.