Språkhistorieundervising er sentral for å gjere studentar medvitne om toskriftspråkssituasjonen i Noreg, det historiske opphavet til han, og kva som kjenneteiknar han i dag. Denne artikkelen syner korleis ein kan nytte podkast som undervisingsform for å formidle nynorsk gjennom norsk språkhistorie på ein måte som let elevar og studentar bli aktørar i den historiske og samtidige språksituasjonen. Datamaterialet er sju podkastepisodar produserte av grunnskulelærarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet. Me spør korleis studentane trekkjer på eigne røynsler som språkbrukarar i formidling av norsk språkhistorie. Analysen syner at studentane tek ei aktørrolle og får eit styrkt medvit om samanhengen mellom historiske hendingar og den norske språkstoda i dag. Me argumenterer for at dette medvitet er viktig i formidlinga av nynorsk fordi det gjev studentane forståing for den norske språksosiologiske stoda. Med utgangspunkt i empirien og didaktisk forsking føreslår me avsluttingsvis korleis læraren kan knyte band til språksosiologiske tema i ein heilklassesamtale.
scite is a Brooklyn-based organization that helps researchers better discover and understand research articles through Smart Citations–citations that display the context of the citation and describe whether the article provides supporting or contrasting evidence. scite is used by students and researchers from around the world and is funded in part by the National Science Foundation and the National Institute on Drug Abuse of the National Institutes of Health.
customersupport@researchsolutions.com
10624 S. Eastern Ave., Ste. A-614
Henderson, NV 89052, USA
This site is protected by reCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply.
Copyright © 2025 scite LLC. All rights reserved.
Made with 💙 for researchers
Part of the Research Solutions Family.