Haugesund slått saman til Høgskulen på Vestlandet (HVL), med i alt fem campusar. I slike fusjonar kan det vere ei utfordring å integrere ulike kulturar. Føremålet med dette kapittelet er å finne kva som karakteriserer organisasjonskulturen i ein fusjonerande høgskule som HVL og i kva grad denne kulturen, ifølgje dei tilsette, skil seg frå den optimale. Data vart samla inn gjennom ei nettbasert spørjeskjemaundersøking i februar 2018. Modellverktøyet som vart brukt for å måle kultur, er kalla OCAI (Organizational Culture Assessment Instrument). Dette verktøyet er validert, men i liten grad nytta på akademiske institusjonar. Konklusjonen er at dei tilsette gjennomgåande meiner at dagens HVLorganisasjon har eit internt fokus, og at dei ønskjer seg ein organisasjonskultur prega av større fleksibilitet.
Samandrag Artikkelen drøftar kva effekt event-image kan ha på imaget til ein destinasjon, og bygger på ei kvantitativ undersøking av tidlegare deltakarar på Ekstremsportveko på Voss. Resultatet syner at opplevinga av festivalen blir sterkast påverka av infrastruktur og fysiske fasilitetar, etterfølgt av tenesteoppleving. For å styrke event-image bør ein ha infrastruktur og service i fokus, og dette vil også kunne gje eit betre destinasjonsimage for staden kor festivalen blir gjennomført på.
Samandrag Våren 2015 vart det gjennomført ei spørjeskjemaundersøking med 322 respondentar blant tidlegare studentar ved bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon ved HVL, Campus Sogndal. Resultata viser at dei som tok masterutdanning, opplever større nytte av bachelorutdanninga enn dei som ikkje tok vidare utdanning. Masterkandidatane legg i større grad vekt på at løna og innhaldet i jobben heng saman med den økonomiske grunnutdanninga.
13. Krav, val og avgrensingarendring av handlingsrom for leiarar under omstilling LEIF LONGVANES
Høgskulen på Vestlandet
MAGNE EIKÅSHøgskulen på Vestlandet SAMANDRAG Denne studien drøftar korleis lokale NAV-leiarar vurderte sitt handlingsrom under iverksettinga av NAV-reforma, og om handlingsrommet endra seg i løpet av oppstarts-og etableringsfasen. Vi tek utgangspunkt i ein modell som Rosemary Stewart har utvikla om kva som gjev leiarar handlingsrom (Stewart, 1976. Studien er basert på intervju med ti NAV-leiarar på tre ulike tidspunkt over ein periode på om lag eitt år.NØKKELORD Handlingsrom | leiing | omstilling | endringsleiing | NAV ABSTRACT The paper discusses how local managers in the Norwegian Labour and Welfare Administration considers their space of action during the implementation of a reform. Rosemary Stewart's model on choices for managers (Stewart, 1976 is the paper's theoretical base. Ten managers were interviewed at three different times over one year as the reforms were implemented.
MERKNADERForfattarane har ingen interessekonfliktar.
INTRODUKSJONFøremålet med denne studien er å finne ut korleis dei lokale NAV-leiarane vurderte sitt handlingsrom under iverksettinga av NAV-reforma, og om handlings-13. KRAV, VAL OG AVGRENSINGAR -ENDRING AV HANDLINGSROM FOR LEIARAR UNDER OMSTILLING
scite is a Brooklyn-based organization that helps researchers better discover and understand research articles through Smart Citations–citations that display the context of the citation and describe whether the article provides supporting or contrasting evidence. scite is used by students and researchers from around the world and is funded in part by the National Science Foundation and the National Institute on Drug Abuse of the National Institutes of Health.