Samfunnstryggleik og krisehandtering er blitt eit viktig politikkområde i Noreg, saerleg etter terrorangrepa 22. juli 2011, men og på grunn av andre store utfordringar vi står overfor i vår tid. Eitt eksempel er tilpassing til klimaendringar slik dei mellom anna kjem til uttrykk i meir omfattande krisar knytt til naturkatastrofar som flaum, brann og storm. Eitt anna eksempel er pandemiar, som kugalskap, fugleinfluensa og svineinfluensa. Eit tredje er knytt til «'cyber-security»' eller IKT-vern og å gjere samfunnet mindre sårbar mot misbruk av digitalisering og data. Ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt er det no større merksemd mot slike krisesituasjonar -for eksempel krisene utløyst av orkanen Katrina og terrorangrepet 9/11 i USA, eller finanskrisa og flyktningkrisa som vi har stått overfor den siste tida. Desse krisane har det til felles at dei er grenseoverskridande, vanskelege å føreseia og vanskelege å påverke.Samfunnstryggleik er eit politikkområde som er kome høgare på den politiske agendaen den siste tida. Samtidig er det eit felt som det er lite forsking på. Statsvitarar og forvaltningsforskinga har gjeve få bidrag, og det har vore lite merksemd om kva rolle og ansvar styresmaktene har og om kva verknader ulike måtar å organisere seg på har for krisehandteringa. Kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming på dette feltet er dermed tynnt.I enkle krisar som er lette å føreseie og handtere, kan ein kome langt med antisipering, rasjonell planlegging, førebygging og beredskap. Men når ein står overfor krisar som er uventa, vanskelege å handtere, gjenstridige og ustyrlege, vil det vere større behov for