Stadig fleire eldre får kardiovaskulaere sjukdommar. Skal vi klare å ta hand om desse pasientane og administrere system for telemonitorering, må vi vidareutvikle den tradisjonelle sjukepleiarrolla. FORFATTERE Ewy Katrin Førde Moen Spesialsjukepleiar i geriatrisk og kardiologisk sjukepleie Førde sentralsjukehus, Medisinsk poliklinikk Dag Fadnes Overlege, spesialist i indremedisin og hjertesykdommer, og universitetslektor Førde sentralsjukehus og Universitetet i Bergen Tone Merete Norekvål Fag-og forskningssykepleier og professor Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet NøKKELORD Geriatri, Demens, Kardiologisk sykepleier HOVEDBUDSKAP Det blir fleire eldre menneske med kardiovaskulaere sjukdommar, og dei aldersrelaterte kompleksitetane blir meir omfattande. Derfor er det behov for å omdefinere behandlingsstrategiane, måla og dei ønskte resultata for denne gruppa. Ved hjelp av telemonitorering (TM), som trådlaust sender informasjon frå ein pacemaker (PM) via ein server til helsepersonell på sjukehuset, kan vi tilpasse kontrollrutinane for pasientar med PM. Skal vi klare å ta hand om pasientane og administrere slike system, må vi vidareutvikle den tradisjonelle sjukepleiarrolla. Tradisjonelt blir pacemakerkontrollar utførte hjå ein hjartespesialist på sjukehuset. Ny teknologi gjer at ein del av kontrollane kan gjerast frå heimen. Telemonitorering (TM) har vist seg å vere trygt og ha fordelar for behandlinga (1-6). TM av pasientar med implantert hjartestartar er utbreidd, mens TM av pacemaker (PM) er mindre vanleg.Sjukepleiaren administrerer TM-systema med ein hjartespesialist i bakhand og tek kontakt med pasienten når det oppstår hendingar som gir alarm. Ei slik hending kan til dømes vere feil på PM eller leidningar, eller påviste arytmiar. Pasienten tek kontakt med sjukehuset om han opplever behov for ekstra kontrollar eller har spørsmål om PM-behandlinga.