Denne artikkelen gjev oversikt over nordisk forsking på barn og ungdoms tekstar og tekstpraksisar på fritida dei siste tjue åra (2000)(2001)(2002)(2003)(2004)(2005)(2006)(2007)(2008)(2009)(2010)(2011)(2012)(2013)(2014)(2015)(2016)(2017)(2018)(2019). I denne perioden har vilkåra for barns deltaking i ulike tekstkulturar endra seg som følgje av den teknologiske utviklinga, og artikkelen strekar dermed opp eit forholdsvis nytt forskingsfelt, der saerleg barns deltaking i digitale og multimodale tekstar og tekstpraksisar vert tematisert. Føremålet med den systematiske reviewen er å finna ut kva som kjenneteiknar den nordiske forskinga på feltet teoretisk, metodisk og empirisk. Forskinga vi har funne, dreg i stor grad vekslar på sosiokulturell laeringsteori og new literacy studies, og observasjon, intervju og tekstsanalysar er metodar som vert hyppig nytta. Samla sett gir den nordiske forskinga eit ganske tydeleg bilete av kva barn og unge brukar lesing og skriving til på fritida, korleis barn og unge skaffar seg teksterfaringar, kva område dei frivillige tekstpraksisane er knytte til og kven barn og unge kommuniserer med, men ny forsking bør blant anna supplera den eksisterande forskinga ved å undersøkja deltaking i tekstpraksisar på tvers av kontekstar, på tvers av medium og over lengre tid.