“…I det tyskspråklege området, med eit mogleg unntak av Sveits og det lågtyske området i Nord-Tyskland, har utviklinga vore dediglossisk (Bellmann 1983, 1998, Auer 2000, det vil seia at utviklinga har gått frå ein diglossisk til ein diaglossisk situasjon. Heilt til den andre halvdelen av 1700-talet var Tyskland eit diglossisk område med ein dominerande nasjonal talemålsstandard (med utgangspunkt i skriftspråket) på den eine sida og dei lokale dialektane på den andre sida.…”