Spesialrådgiver NSD -Norsk senter for forskningsdata AS E-post: vidar.Rolland@nsd.no SAMANDRAG Denne artikkelen undersøkjer kva innflytelse regjeringa har på strukturen og organiseringa av norske departement. Eit sentralt spørsmål er korleis kan det ha seg at departementa var uendra i ein 40 års periode etter andre verdskrig for så å bli underlagt store omstillingar og endringar. Dette blir undersøkt med utgangspunkt i teoriar om politisk design og institusjonell endring. Artikkelen viser at samanslåing, splitting, flytting, omorganisering og namneendringar er meir vanleg enn rein organisatorisk fødsel og død, at det er meir omfattande endringsaktivitet på avdelingsnivå enn på departementsnivå, at endringar i departementsstrukturen ved regjeringsskiftet er blitt meir vanleg frå Syse regjeringa og frametter, at er eir omfattande endringar ved ideologiskifte enn utan ideologiskifte og at er meir omfattande endringa ved koalisjonsregjeringar enn ved eittpartiregjeringar. Borgarlege regjeringar er meir aktive for å endre departementsstrukturen enn regjeringar der Arbeidarpartiet er med. Gamle departementa med sterke brukargrupper i ryggen og departement som har nasjonalstatlege kjerneoppgåver som finans, utanriks og forsvar er meir robuste enn nye departement.