This article discusses the Russian nationalist Oleg Platonov and his Institute for Russian Civilization, a project established for publishing both contemporary works and the classics of Russian intellectual history. Special attention is given to how Platonov, who is otherwise known for his extreme anti-Westernism and anti-Semitism, within the framework of this project actively disseminates not only his own idea of a unique and self-sufficient Russian civilization, but also numerous classics of Russian thought, in particular of the Slavophile current. Various Russian thinkers are presented here as the embodiment of ''Russian national thought'' and the expression of an alleged ''ideology of the Russian people''. On the basis of this analysis, the article reviews Platonov's contribution to contemporary Russian nationalism more generally and its tendency to make the marginal mainstream.Keywords: Russian Nationalism, Civilizational Theories, Russian philosophy, AntiSemitism, Conspiracies, Reception Dersom du i dag oppsøkjer ein russisk bokhandel, fysisk eller på nett, for å skaffa deg ei utgåve av ein eller annan kanonisert russisk filosof, er sjansen stor for at det er Institutt for russisk sivilisasjon som er utgjevar av den boka du endar opp med å kjøpa. Dei solid innbundne utgåvene deira, som ser ut til å vera godt påkosta utan å vera avskrekkande dyre, har gjerne ein framståande plass i bokhyllene i filosofiavdelinga i russiske bokhandlar, og dette instituttet har sidan byrjinga på 2000-talet nådd å gje ut ei rekkje av dei klassiske tekstane innan russisk tenking, frå mellomalderen til i dag.Kva slags «institutt» er eigentleg dette? Det engelske Wikipedia omtalar det som ei «tankesmie» (Wikipedia u.d.), men termen er neppe heilt dekkjande, sidan tankesmier er kjenneteikna av møte, nye publikasjonar og eiga forsking om aktuelle politiske emne. Det er lite spor av slik sivilsamfunnsaktivitet på instituttets nettside (Institut russkoj tsivilizatsii u.d. a). Primaert er dette instituttet eit forlag: Det *Kontaktinformasjon: Kåre Johan Mjør.