Denne studien utforskar korleis ein kan legge til rette for utvikling av motstandsdyktige spelarar i eit eliteserielag. Semistrukturerte intervju med tre trenarar og tre spelarar, som del av ein intervensjon, gir informasjon om psykososiale element som påverkar utviklingsprosessen. Forskingsleiar har vore ein del av trenarteamet til laget. Observasjonslogg og monotoreringsdata frå trening og kamp gav supplerande informasjon til analysen. To hovudtema stod fram: (a) opplevingar av trenarar og spelarar si handtering av ulike typar utfordringar og stress, og (b) samspelet mellom trenar og spelar på vegen til å bli meir motstandsdyktig. Informasjonen viser gjennom ulike oppfatningar av utfordringar korleis det er mogeleg å øve på å bli meir motstandsdyktig ved å utnytte både prestasjonsrelatert og organisatorisk stress som del av spelaren si rolle i laget. Undersøkinga framhevar to sentrale poeng knytt til relasjon og samhandling mellom trenar og spelar. Det må først skapast ei gjensidig forventningsavklaring mellom spelar og trenar. Samtidig ligg det hjå trenarane i undersøkinga ei tydeleg forventning om at spelarane viser vilje til læring. Det er spesielt sentralt for å få samspelet til å fungere med handtering av organisatorisk stress. Artikkelen viser korleis vi kan auke kvaliteten i arbeidet med å utfordre og gi sosial støtte for utvikling av motstandsdyktige fotballspelarar.
scite is a Brooklyn-based organization that helps researchers better discover and understand research articles through Smart Citations–citations that display the context of the citation and describe whether the article provides supporting or contrasting evidence. scite is used by students and researchers from around the world and is funded in part by the National Science Foundation and the National Institute on Drug Abuse of the National Institutes of Health.