Pierre Bourdieu sine analysar av klasse-, kultur-og smaksforskjellar i Distinksjonen (1984 [1979]) bygde på undersøkingar frå Frankrike på 1960-og 70-talet. Analysane er breitt sitert og kritisert, men spørsmålet som stadig vert reist er: kor fruktbart er det å nytta Bourdieu sine analytiske omgrep og metodiske strategiar frå Distinksjonen i studiar i dag, om lag 50 år seinare, og i andre kontekstar enn den franske?Både internasjonalt (sjå t. (nr. 4, 2007, nr. 2, 2008, nr. 3, 2008 og nr. 2, 2012). Debatten vart sett i gong av Ove Skarpenes sin artikkel «Den 'legitime' kulturens moralske forankring» (2007), i dag omtala som Skarpenes-debatten. I det norske sosiologiske miljøet er det tillaup til polarisering mellom det Håkon Larsen omtalar som «den nye kultursosiologien» (2013); med fransk ny-pragmatisme, repertoarteori og «det sterke programmet» som «utfordrarar» til meir eller mindre tradisjonell Bourdieu-inspirert kultursosiologi, og desse sine støttespelarar og avleggjarar i norsk sosiologi. I det seinare har det òg vore ei meiningsutveksling om kor vidt Larsen sitt forsøk på ny skuledanning innan kultursosiologien er slagkraftig eller ei (Mangset 2016;Larsen 2016). I så vel Distinksjonen som i diskusjonen om Distinksjonen i Noreg er spørsmålet om kulturell legitimitet sentralt. Kva kulturformer og estetiske uttrykk haustar anerkjenning, og med kva rettmessigheit? Kva har kulturell legitimitet i Noreg, og ikkje minst, korleis gå fram for å få svar på spørsmålet?Artikkelen er ein kommentar til debatten om kulturell legitimitet i Noreg. Eg skal diskutera brukbarheita i Bourdieu sine analytiske omgrep og metodiske strategiar frå Distinksjonen, via plass til kritikk reist mot desse, samt presentera ny empiri om ulike sosiale grup-