Bakgrunn: Artikkelen beskriv sjukepleiarar sine erfaringar og opplevingar med rettleiing av sjukepleiarstudentar, som har delteke i tverrprofesjonell praksis i spesialisthelsetenesta i Noreg. Studien har to forskingsspørsmål: 1) Korleis erfarer sjukepleiarar rettleiing av sjukepleiarstudentar i ein tverrprofesjonell kontekst mellom legar, sjukepleiarar, legestudentar og sjukepleiestudentar? 2) Korleis opplever sjukepleiarar rolla si i tverrprofesjonelle rettleiingsmøter?Metode: Data er basert på to fokusgruppeintervju med til saman ni sjukepleiarar, og er analysert ved hjelp av systematisk tekstkondensering. Resultat: Hovudfunna syner at hierarkisk organisering hemmar rettleiing av studentar, tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) kan vere krevjande for rettleiar og at sjukepleiarane opplevde eiga rettleiing som mangelfull. Konklusjon: Tverrprofesjonell rettleiing kan betrast ved å reflektere over hierarkiske mønster. Den samla rettleiingskompetansen i sjukepleiargruppa kan styrkast ved å bygge kultur for pedagogisk kvalitet. Det kan også betre tilfredsheita for den enkelte rettleiar.